Tusen takk til Gloppen næringsorganisasjon for ein inspirerande dag på Tine Meieri Byrkjelo.
Nyvinn presenterte det planlagde biogassanlegget på Teita, Byrkjelo Næringspark presentere status i reguleringsarbeidet, Fjordane Biogassforum gav sitt syn på dei positive sidene ved det planlagte anlegget, medan Grøn Region Vestland og Biohub Fjordane fortalte om korleis dei kan vere med å binde saman nye, grønne verdikjeder kring anlegget. Engasjerte spørsmål og gode perspektiv frå deltakarane gav både energi og inspirasjon til det vidare arbeidet.
Samtidig ser vi at grøne initiativ alt er på veg ut i praksis. Nistad Transport har sendt ut den første traileren i Sogn og Fjordane som går på biogass – eit synleg bevis på at omstillinga til berekraftig langtransport er i gang.
Vi gratulerer Nistad med å vere først ute på vegen, og vi ser fram til å vere ein del av løysinga for framtida!
12. september 2025