Vi investerer i verksemder som skaper nye framtidsretta arbeidsplassar på Vestlandet

Illustrasjonsbilde. Hand som berører ei digital flate. Grøn bakgrunn

Har du grøne planar?

Nyvinn investerer i verksemder som driv fram den grøne omstillinga på Vestlandet

Vi leitar etter ambisiøse menneske og verksemder som utviklar teknologi og løysingar for å skape eit lågutsleppssamfunn:

  • Energiproduksjon, energistyring og lagring

  • Digitalisering og KI for framtidas energibransje

  • Sirkulære og berekraftige løysingar for betre ressursutnytting

  • Elektrifisering og energieffektivisering i utsleppsintensive bransjar som maritim, fiskeoppdrett, bygg og anlegg, industri og landbruk

Oversiktsbilde over landskap. Elv, bru og bebyggelse.

Kva ser vi etter?

Nyvinn ser etter innovative verksemder med stort vekstpotensial

Vi ser etter verksemder med stort vekstpotensial, ein attraktiv og skalerbar forretningsmodell og eit ambisiøst, engasjert og kompetent team.

Verksemdene vi investerer i skal løyse reelle problem som bidreg til reduserte klimagassutslepp, mindre energibruk eller betre bruk av ressursar. ​

Vi er ein langsiktig investor som ser etter klare strategiske vekselverknader mellom SFE-konsernet og verksemdene vi investerer i.

Vi kan tilby ein attraktiv samarbeidspartner innanfor fornybar energi og berekraft. Vi bidreg med verdifull kompetanse, nettverk og infrastruktur i utprøving av verksemdene sine produktidéar. ​

Vår investeringsstrategi

Nyvinn skal investere i oppstarts-selskap med verksemd i eller ut i frå Vestlandet

Verksemdene skal ha potensiale til å skape sterk vekst og bidra til lokal verdiskaping på vegen mot lågutsleppssamfunnet.

Investeringsbeløp​: 1-3 MNOK, med rom for oppfølging

Investeringsfase​: Oppstart og tidlegfase

Teknologi: Programvare, programvareteneste (SaaS) og/eller maskinvare

Geografi​: Vestlandet

Eigarskap​: 10% - 15%, med ønske om styreplass

Avkastingskrav: Investeringa må tilfredsstille våre avkastingskrav

Medinvestor​: Ønskjeleg, men ikkje eit krav​

Vegen frå idé til realisering

Våre tidligare investeringer

Lefdal Mine Datacenter

Datasenteret er bygd i ei nedlagt gruve ved Nordfjorden, der ein har redusert straumforbruket ved å nytte kjøling frå fjorden. Det gjer dette datasenteret til eit av dei grønnaste datasentra i Europa, og samtidig eit av dei sikraste.

Sogn og Fjordane Energi var med å etablere datasenteret i 2012, og var ein aktiv medeigar fram til gründergruppa selde selskapet til ei gruppe internasjonale aktørar.

Lefdal Mine Datacenter har i dag om lag 50 tilsette, og held fram med å vekse. Vi er stolte over å ha bidratt til at selskapet har blitt ein motor i lokalsamfunnet, med dei mange positive ringverknadane det har hatt for regionen.

«Sogn og Fjordane Energi var en sentral aktør i realiseringen av Lefdal Mine Datacenter. De deltok aktivt som investor og spilte en sentral rolle både i forprosjektet og under hele utbyggingen av datasenteret. »

-Sindre Kvalheim, medgründer Lefdal Mine Datacenter

Les meir på: lefdalmine.com