Vi utviklar grøne samarbeids­prosjekt på Vestlandet

Fleire hender på ei trestamme. Illustrasjonsbilde

Har du eit grønt prosjekt?

Nyvinn utviklar grøne samarbeidsprosjekt på Vestlandet

Vi er i gang med fleire spennande prosjekt som bidreg til det grøne skiftet​ og skaper nye arbeidsplassar i regionen vår. Vi arbeider saman med lokalt næringsliv og kommunar om nye initiativ.

I samarbeidsprosjekta deltar vi frå tidleg fase, men vi kan også vere aktuell når det skal gjerast større investeringar​.

Tilknytinga vår til Sogn og Fjordane Energi gir oss tilgang til variert kompetanse innan fornybar energi.

Har du eit prosjekt du vil samarbeide om?

Våre prosjekt

Landskapsbilde av båt på fjord

HyFuel

HyFuel skal bidra til det grøne skiftet gjennom produksjon av grønt hydrogen på Fjord Base i Kinn kommune. Produksjonen vil vere basert på fornybar energi og elektrolyse, og hydrogenet skal brukast som nullutsleppsdrivstoff på land og til havs. HyFuel er eigd av Sogn og Fjordane Energi, Fjord Base og Hydrogen Solutions (HYDS).

Les meir på: Hyfuel.no

Hender med kvite hanskar som held ei spire og ei glassplate

Biogass

Nyvinn arbeider med biogassatsinga på Byrkjelo, der målet er å produsere biogass og grøn CO2 til industri- og transportføremål, og biogjødsel til landbruket. Råstoff skal vere husdyrgjødsel, matavfall og fiskeavfall.