Vi investerer i grøne prosjekt og nyvinningar
Kven er vi?
Nyvinn er utviklingsselskapet til Sogn og Fjordane Energi
Oppdraget vårt er å bidra til auka aktivitet, etablering av nye lønsame arbeidsplassar og å vere ein katalysator for det grøne skiftet i regionen vår.
Dette gjer vi gjennom prosjektinvesteringar og investeringar i oppstartsselskap som bidreg til å skape eit lågutsleppssamfunn.
Les meir om:
Kor kjem vi frå?
Vi har røter i kraftbransjen og kan fornybar energi
Kraftbransjen har i over hundre år produsert fornybar energi. Dette er viktigare enn nokon gang, på same tid som bransjen har ei viktig samfunnsrolle i å ta det neste steget: å bruke posisjonen og kunnskapen for å få fram nye næringar og grøn teknologi som kuttar utslepp, betrar miljøet og gjev nye grøne arbeidsplassar.
Sogn og Fjordane Energi har i fleire år arbeidd med ulike prosjekt og investeringar innan grøn utvikling. Døme på dette er mellom anna hydrogenselskapet HyFuel, landstraumsselskapet Skipskraft , ladeselskapet Elbåtlader og datasenteret Lefdal Mine Datacenter.
Desse satsningane er no vidareført og forsterka i selskapet Nyvinn.
Vi er ein del av Sogn og Fjordane Energi
Kva gjer vi?
Vi skal bidra til vegen mot nullutsleppsamfunnet
Noreg skal kutte klimagassutsleppa ned mot null innan 2050. Prosjekta og investeringane våre skal bidra til denne omstillinga av samfunnet i vår region, og samstundes sikre utvikling av eksisterande og ny næring.
Vi skal gjere ein skilnad i vår region innanfor område som energiproduksjon, endring i forbruk, materialeffektivitet, maritime næringar og landbruk.