Pådrivar for grøn vekst
Nyvinn er utviklingsselskapet til Sogn og Fjordane Energi.
Vi er sikre på at samarbeid er nøkkelen til ei berekraftig framtid. Difor investerer vi i grøne prosjekt og oppstartsselskap som løfter fram teknologiske nyvinningar, som igjen bidreg til at Vestlandet kan utvikle seg i takt med tida.
Saman skaper vi den fornybare framtida.
Nyvinn som samarbeidspartnar
Solid kompetanse og lang erfaring innan fornybar energi
Vi kjem frå Sogn og Fjordane Energi, og har lang erfaring innan fornybar energi. Vi ønskjer å nytte denne erfaringa og innsikta i utvikling av nye grøne prosjektidéar og innovative verksemder.
Sterk lokalkunnskap
Som eit selskap med røter på Vestlandet, har vi god forståing for den lokale marknaden og kan identifisere moglegheiter som er tilpassa regionen.
Langsiktig og trygt samarbeid
Gode relasjonar er viktig for oss, og vi jobbar for å bygge langsiktige partnerskap som gjev gjensidig nytte og styrker vår felles påverknad på miljøet.
Vi er ein del av Sogn og Fjordane Energi

Saman skaper vi eit samfunn der arbeidsplassar og grøn vekst går hand i hand.
— Roger Flølo, dagleg leiar, Nyvinn
Folka i Nyvinn
Kompetansen og drivkrafta
Vi legg vekt på samarbeid og nettverksbygging, og er alltid på utkikk etter nye moglegheiter. Gjennom vår kompetanse og erfaring bidreg vi til å styrke næringslivet i regionen og skape berekraftige vekstvilkår for framtida.
Har du lyst å diskutere eit prosjekt eller ein produktidé - då vil vi gjerne høyre frå deg.