5. november 2024

HyFuel tildelt Enova-støtte

Foto: HyFuel ved Fjord Base i Florø. Foto: Fjord Base

HyFuel får 180 millionar kroner i støtte frå Enova. Gjennom prosjektet «Hydrogenknutepunkt på Fjord Base» vil HyFuel få viktig støtte til oppstart av produksjonsanlegget av grønt hydrogen basert på fornybar energi og elektrolyse.

HyFuel er eigd av Sogn og Fjordane Energi (SFE), Fjord Base Holding og Hydrogen Solution (Hyds). Saman med 5 andre grøne knutepunkt langs norskekysten skal selskapet bidra til å få i gang nullutsleppsløysingar i norsk, maritim sektor.

Einaste i Vestland

Det var mange seriøse aktørar som søkte om støttemidlar i Enova si støtteordning for hydrogenprosjekt. HyFuel var einaste i Vestland fylke som fekk støtte.

HyFuel planlegg eit 20 MW hydrogenanlegg sentralt plassert på Fjord Base i Florø. Fjord Base har ei unik plassering til å lukkast med det grøne skiftet. Basen er lokalisert i ein erfaren næringsklynge, og er ein sentral hamn mellom Ålesund og Bergen med over 2000 skipsanløp i året.

Tomta det nye produksjonsanlegget skal byggast på er grovplanert og klar. På nabotomta ligg Havlandet, som er i gang med eit storskala landbasert oppdrettsanlegg av torsk. Det gjev gode moglegheiter for å nytte restprodukt som varme og oksygen frå hydrogenproduksjonen.

Grøn omstilling

Noreg si satsing på grøn omstilling representerer ein stor marknadsmoglegheit, som kan gje auka verdiskaping og sysselsetting i den norske maritime næringa samt lokale ringverknader. HyFuel har ambisjon om oppstart av anlegget i Q3 2024.

Meir informasjon finn du her:

Pressemelding frå Enova: Presse | Enova

Artikkel på nrk.no: Millionstøtte til hydrogen-anlegg langs hele kysten – NRK Møre og Romsdal – Lokale nyheter, TV og radio

HyFuel sine heimesider: Hjem | HyFuel AS