21. oktober 2024

Ny fase i Biogass Gloppen

SFE har sidan 2023 arbeidd med planar for etablering av eit biogassanlegg på Byrkjelo i Gloppen kommune. Prosjektet er no overført frå SFE til Nyvinn, som har tatt avgjerd om å gå vidare med konkretisering av planane.

For biogassatsinga på Byrkjelo er målet å ha eit godt grunnlag for ei endeleg investeringsbeslutning i løpet første halvår i 2025, med byggjestart så snart alle løyver og avtalar er på plass. Anlegget skal produsere biogass og grøn CO2 til industri- og transportføremål, og biogjødsel til landbruket. Råstoff skal vere hudsdyrgjødsel , matavfall og fiskeavfall.

– Etablering av eit biogassanlegg vil vere eit stort løft for oss, og vi ser etter industrielle samarbeidspartnarar til prosjektet. Spesielt viktig blir det å sikre nok råstoff til anlegget, og ikkje minst avtalar om leveranse av sluttprodukta, seier Flølo.

For Nyvinn har det vore viktig å sjå etter moglegheiter for knoppskyting og potensial for ny næringsutvikling i kjølvatnet dersom anlegget blir realisert. Dette kan vere næringsaktørar som kan bruke biogjødsel til vidareforedling eller grøn CO2 som innsatsfaktor i sin produksjon. Nyvinn har allereie eit godt samarbeid med Nordfjord Miljøverk, som var initiativtakar til prosjektet saman med sine eigarkommunar.

– Dette er eit veldig spennande prosjekt som vil kunne bidra til grøn omstilling og vekst i seg sjølv, men som også skapar vekstmoglegheiter for fleire aktørar i regionen. Det er nettopp dette Nyvinn skal bidra til, avsluttar Flølo.