15. januar 2025
Nyvinn styrkar laget med ny prosjektutviklar
Kristen Reikvam Ravnestad tok til som prosjektutviklar i Nyvinn ved nyttår. Kristen er utdanna meteorolog frå Universitetet i Bergen, og kjem frå stilling som prosjektkoordinator i Bano-gruppen.
Kristen har tidlegare jobba som meteorolog i StormGeo, og bur på Sandane.
- Tilsettinga er eit ledd i oppbygginga av kapasiteten i Nyvinn, og vi er veldig nøgde med å ha fått ein erfaren prosjektleiar som Kristen med på laget, seier dagleg leiar i Nyvinn, Roger Flølo.