Nyvinn har overteke Sogn og Fjordane Energi (SFE) sine aksjar i Skipskraft AS, og tek med det eit nytt steg i satsinga på grøn omstilling i regionen.

Som utviklingsselskapet til SFE har Nyvinn som mål å vere ein pådrivar for berekraftige og framtidsretta løysingar. Landstraum er eit godt døme på dette – eit område der miljøvennleg teknologi møter behovet for vidare utvikling og innovasjon.

Skipskraft AS vart etablert i 2021 og er no eigd av Florø Hamn og Nyvinn. Selskapet driftar to landstraumsanlegg for skip i Florø – eitt på Kai G ved Fjord Base og eitt på Fugleskjærkaia i Florø sentrum.

Gjennom bruk av landstraum kan skip skru av motorane medan dei ligg til kai. Det reduserer både støy, klimagassutslepp og lokal luftforureining, og bidreg til reinare luft og eit grønt skifte i maritim transport.

16. oktober 2025

Nyvinn tek over SFE sine aksjar i Skipskraft – styrkar satsinga på landstraum