17. oktober 2024

SFE sitt utviklingsselskap skal heite Nyvinn

Foto: Prosjektutviklar Astrid Myren og dagleg leiar Roger Flølo, i Nyvinn. Foto SFE.

Med nytt namn og to nye tilsette på laget, skal SFE sitt nye selskap få fart på det grøne skiftet i regionen.

I fjor vart det kjent at SFE har oppretta eit dotterselskap som skal jobbe med å få fram nye grøne løysingar i regionen. SFE har sidan 2020 vore med på etableringa av selskap som mellom anna hydrogenselskapet HyFuel og skipsladarselskapet Skipskraft, begge i Florø. I år tok SFE over eit prosjekt som har vurdert moglegheitene for å etablere eit produksjonsanlegg for biogass i Gloppen.

– Det er ikkje nytt at SFE investerer i ny næringsutvikling. Allereie i 2009 bidrog SFE til realiseringa av Lefdal Mine Datacenter. Vi har gjennom tidene fått mange førespurnadar om å bidra inn i ulike prosjekt, både med fagleg kompetanse og som investor. Med Nyvinn skal vi målretta ta del i ny grøn utvikling i regionen vår. Vi er aktivt på søken etter potensielle samarbeidspartnarar der målet er å bidra til det grøne skiftet og ikkje minst lokal verdiskaping og arbeidsplassar.

Dette seier Roger Flølo som er dagleg leiar av Nyvinn. Selskapet er 100% eigd av SFE.