Sommarstudentar er gull verdt


SFE har lange tradisjonar for å ha studentar arbeidande i sommarmånadane.

I år har SFE og Nyvinn hatt ei gruppe studentar som har arbeidd både med konkret problemløysing og utforsking av nye moglegheiter.

Maskinlæringsbasert behandling av måledata, naturkartlegging og simuleringsmodell for materialstraumar inn og ut av biogassanlegg er noko av det som er undersøkt.

For Nyvinn gjev sommerstudentar og masteroppgåver moglegheit til å utforske nye moglegheiter og nye perspektiv. Det er svært verdifullt for oss og noko vi ønskjer å satse vidare på, seier dagleg leiar i Nyvinn, Roger Flølo.

Matias Ask Fonn frå Askvoll har arbeidd for Nyvinn denne sommaren, og til Framtidsfylket Vestland seier han dette i eit intervju “…..det var veldig kjekt å ha følelsen av at det ein jobbar med faktisk betyr noko, både for miljøet og vegen vidare for selskapet.”

Du kan lese heile intervjuet her.

Stor takk til Matias og resten av gruppa for verdifulle og inspirerande bidrag til både SFE og Nyvinn!

 

Opning av Sogn og Fjordane sin første fyllestasjon for biogass på Moskog. Kristen Reikvam Ravnestad (t.v.), Matias Ask Fonn og Astrid Myren (t.h.).