Historisk vedtak gir ny giv for norsk biogass – viktig for SFE sitt planlagte anlegg i Gloppen
Eit fleirtal på Stortinget vedtok denne veka eit forslag frå Senterpartiet som vil gi kraftig medvind for norsk biogassproduksjon. Vedtaket inneber at det skal leggjast til rette for ei årleg auke i biogassproduksjonen med minst 1 TWh. Forslaget fekk støtte frå alle parti, bortsett frå Arbeidarpartiet og Høgre, og vart vedteke med knapp margin – 51 røysta for, medan 50 røysta imot.
Dette er eit sterkt signal frå Stortinget om at biogass skal få ein sentral plass i norsk energi- og klimapolitikk dei komande åra. Vedtaket får brei støtte frå aktørar i bransjen og blir omtala som ein stor siger for biogass, sirkulærøkonomi og grøn verdiskaping.
Viktig for Fjordane Biogass
Nyvinn, som arbeider med planar om eit nytt biogassanlegg på Teita på Byrkjelo, meiner vedtaket er eit viktig vendepunkt.
– Vi er svært glade for at fleirtalet på Stortinget viser handlekraft og støttar biogassproduksjon i Noreg. Med eit talfesta mål om auke i biogassproduksjonen på 1 TWh årleg, forventar vi betre rammevilkår og støtteordningar. Dette vil ha stor positiv påverknad på biogassanlegget på Byrkjelo som er under planlegging. Biogassanlegget kan redusere klimagassutsleppa frå til dømes landbruket, avfallsbransjen og havbruksnæringa, samstundes som det gir fornybar energi, seier Roger Flølo (leiar Nyvinn).
Anlegget på Byrkjelo vil ikkje berre gi miljøgevinstar, men også bidra til lokal verdiskaping
– Det er difor svært gledeleg at Stortinget endeleg legg betre til rette for meir biogassproduksjon. I tillegg til miljøgevinstane, vil biogassanlegget på Byrkjelo bidra til lokal verdiskaping og skape nye grøne arbeidsplassar i regionen. Dette er eit viktig steg mot ei berekraftig framtid, der vi både tek vare på miljøet og styrkjer landbruket her i distriktet, seier Flølo.
Foto: Lukas Kloeppel
Planinformasjon:
Biogassanlegget skal etter planen nytte husdyrgjødsel, matavfall og andre typer avfall i distriktet til produksjon av biogass. Årsproduksjonen i full drift er estimert til 50 GWh, og biogassen kan nyttast i transportnæringa og i industrien som erstatning for fossil naturgass.